Maoriar (ˈmaːɔɾi[a]) er det opphavlege folkeslaget på New Zealand (Aotearoa). Dei folkesette landet frå det austlege Polynesia i fleire bølgjer med mellom kring 1320 og 1350.[1] Gjennom fleire hundreår i isolasjon utvikla desse busetjarane ein særeigen kultur med språk, mytologi, handverk og utøvande kunst som skil seg frå andre austpolynesiske kulturar. Nokre tidlege maoriar flytta til Chathamøyane, der etterkomarane deira danna den andre urfolksgruppa på New Zealand, moriori.[2]
Referansefeil: <ref>
-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>
-merke vart funne