Marseillaisen

Instrumentalversjon av Marseillaisen.
Rouget de Lisle syng Marseillaisen. Måleri av Isidore Pils.
Teksten til Marseillaisen, her kalla «Hymne des Marseillois», av Rouget de Lisle.
La Marseillaise (1907).

Marseillaisen (fransk La Marseillaise) er nasjonalsongen til Frankrike. Han blei erklært som nasjonalsong den 14. juli 1795.

Songen blei dikta og komponert i Strasbourg natta mellom 24. og 25. april 1792 av den franske ingeniøren og offiseren Claude Joseph Rouget de Lisle som ein reaksjon på den austerrikske krigserklæringa mot Frankrike. Teksten er sterkt inspirert av fleire andre kjelder: Samtidige plakatar med slagord, salmar og tidlegare kampsongar.

Melodien til frå 1700-talet, her under tittelen «Chant de guerre».
Noteark for Marseillaisen, kalla «Chant de Marseillois», frå 1792.

Marseillaisen var opphavleg meint som ein kampsong for dei franske soldatane som marsjerte mot prøyssar-hæren som stod ved Rhinen. Songen blei raskt arrangert for militærorkester og spelt nokre dagar seinare ved eit festleg høve. Han fekk gjennombrotet sitt ved ein bankett i Marseille i juni same året, blei trykt og spreidde seg deretter over heile Frankrike. Han fekk namnet sitt då republikanske soldatar frå Marseille song han under innmarsjen i Paris den 30. juli 1792.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy