Mega Drive

Den europeiske originalutgåva av Sega Mega Drive.
Sega Mega Drive II.

Sega Mega Drive er ein 16 bits spelkonsoll som vart produsert av det japanske føretaket SEGA, for å erstatte den 8 bits spelkonsollen Sega Master System, som var utdatert og mista marknadsandelar, særleg mot Nintendo. I Nord-Amerika fekk spelkonsollen namnet Sega Genesis på grunn av diverse lisensieringsproblem. Mega Drive vart sloppen den 29. oktober 1988 i Japan, og i Europa ikkje før den 30. november 1990.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy