Melanesia

Etnografisk kart over Melanesia
Geografisk kart over Melanesia

Melanesia (frå gresk for 'dei svarte øyane') er ei øygruppe i Stillehavet, nord og aust for Australia.[1]

Gruppa omfattar Bismarckøyane, Salomonøyane, Santa Cruz-øyane, Vanuatu, Ny-Caledonia, Loyauté-øyane, Fiji og ofte også Ny-Guinea.[1]

Melanesiarar talar over 700 ulike språk. Dei fleste innfødde språka blant melanesiarar er malayo-polynesiske språk. På Ny-Guinea og i det indre av Ny-Britannia og Solomon-øyane talar ein papua-språk.[2]

  1. 1,0 1,1 «Melanesia». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018. 
  2. Alver, Alv (3. september 2019). «melanesierne». Store norske leksikon (på norsk). 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy