Menneske | |
Ulike menneske | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Primates |
Overfamilie: | Hominoidea |
Familie: | Hominidae |
Slekt: | Homo |
Art: | Menneske H. sapiens |
Vitskapleg namn | |
Homo sapiens |
Mennesket (Homo sapiens) er ein art av menneskeapane som går oppreist på to bein. Det har ein velutvikla hjerne som mogleggjer språkbruk, abstrakt tenking og sjølvforståing. Desse eigenskapane gjer at arten bruker reiskapar i større utstrekning enn nokon annan. Menneska finst på alle kontinenta og har tilpassa seg eit vidt omfang av omgjevnader. Det finst i dag over seks milliardar menneske i verda, fleire enn noko anna pattedyr.
Kva som skil menneska frå andre dyr har oppteke forskarar og filosofar i tusenvis av år. Ulike karakteristikkar er føreslått, som at dei bruker reiskapar, har medkjensle og høg intelligens, tek seg av sjuke og funksjonshemma, bruker språk og klede, har utvikla jordbruk, vitskap og religion, er glade i kunst og underhaldning. Nokre av desse eigenskapane finst hos andre dyr, men er ikkje så uttalte som hos menneske-arten.[treng kjelde]
Studiet av mennesket og menneskesamfunnet skjer innanfor alle akademiske retningar, både i humanbiologi, medisin, psykologi, antropologi, økonomi, sosiologi og lingvistikk, for å nemna eit lite utval.
Dei eldste fossila ein kjenner til av tidlege H. sapiens vart funne i Jebel Irhoud i Marokko. Dei er daterte til 315 000 år sidan.[1][2][3][4][5]