Metal Machine Music

Metal Machine Music
Studioalbum av Lou Reed
Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve Juli 1975
Sjanger
Lengd 64:11/
Selskap RCA
Produsent Lou Reed
Lou Reed-kronologi 
Lou Reed Live
(1975)
Metal Machine Music Coney Island Baby
(1975)


Metal Machine Music, med undertittelen *The Amine β Ring, er det femte soloalbumet til den amerikanske rockemusikaren Lou Reed. Det vart spelt på ein tre-snøggleiks Uher-maskin og vart mastra av lydteknikaren Bob Ludwig.[1] Det vart gjeve ut som eit dobbeltalbum av RCA Records i juli 1975, men vart teken av marknaden tre veker seinare.[1]

. Det vart gjeve ut att på ein enkel CD av BMG i 1997 og igjen av Buddah Records i 2000.

Albumet skil seg kraftig ut frå resten av Reed-katalogen og har ingen songar eller gjenkjenneleg strukturerte komposisjonar, utan melodi eller rytme. Det består i staden av over ein time med overmodulert feedback og gitareffektar, miksa saman i forskjellig snøggleik av Reed sjølv.

Albumet gjorde Reed til latter i rockeindustrien, medan han samstundes opna døra for dei seinare, meir eksperimentelle materiale hans, og har generelt blitt slakta av kritikarane sidan det kom ut. I 2008 samarbeidde Reed, Ulrich Krieger og Sarth Calhoun om ein turné der dei spelte fri improvisasjon inspirert av albumet, som Metal Machine Trio. I 2011 gav Reed ut ei ommastra utgåve av Metal Machine Music.[2][3]

  1. 1,0 1,1 Alan Licht, Common Tones: Selected Interviews with Artists and Musicians 1995-2020, Blank Forms Edition, Interview with Lou Reed, s. 163
  2. «Lou Reed is back with experimental music of 1970s». Reuters. 3. april 2022. Henta 3. april 2022. 
  3. Rowe, Matt (8. juni 2011). «Lou Reed Reissues Newly Remastered Metal Machine Music». The Morton Report (på engelsk). Arkivert frå originalen 14. juli 2020. Henta 3. april 2022. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by razib.in