Meteorologi

Meteorologisk kart over ein orkan.

Meteorologi (samansett av gresk meteoros, 'i luft', og logos, 'lære') er vitskapen om atmosfæren.

Meteorologien legg vekt på dei nedste 100 km av atmosfæren. Meteorologane prøver å forstå og beskrive dei fysiske og kjemiske prosessane som pågår her. Meteorologi vert difor ofte kalla læra om vêret.

Det er vanleg å dele faget inn i kjemisk meteorologi, fysisk meteorologi og dynamisk meteorologi.

Faget grensar oppover til ionisfærisk fysikk og nedover til oseanografi, hydrologi og fysikken til den faste jorda.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy