Molotov-Ribbentrop-pakta

Delinga etter Molotov-Rippentrop-pakta
Molotov (sitjande), Ribbentrop (bak Molotov) og Stalin

Molotov–Ribbentrop-pakta, også kalla Hitler-Stalin-pakta, var ei ikkje-angrepspakt mellom Nazi-Tyskland og Sovjetunionen. Den blei underteikna i Moskva den 23. august 1939, vel ei veke før den andre verdskrigen braut ut. Namnet på pakta viser til dei sovjetiske og tyske utanriksministrane, Vjatsjeslav Mikhajlovitsj Molotov og Joachim von Ribbentrop, som underteikna avtalen.

Pakta omfatta ein hemmeleg tilleggsprotokoll, der partane delte Sentral- og Aust-Europa i innflytelsessfærar. Blant anna blei det avtalt at Estland og Latvia skulle gå til Sovjetunionen, medan Litauen skulle gå til Tyskland. Det dåverande Polen blei delt mellom landa; Tyskland fekk dei vestlege områda, som i hovudtrekk hadde vore tyske eller austerrikske før den første verdskrigen, og Sovjetunionen fekk områda aust for Curzon-lina som hadde vore russiske før krigen.

Pakta gjorde landa til eit slags allierte, og dei gjennomførte i byrjinga av september 1939 eit felles angrep på Polen. Polen fall raskt, og det blei gjennomført paradar frå begge land i grensebyane. Nazi-Tyskland sitt angrep på Sovjetunionen den 22. juni 1941, Operasjon Barbarossa, gjorde slutt på pakta. Sovjetunionen allierte seg deretter med Storbritannia, som allereie var i krig med Nazi-Tyskland.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy