Montenegro

Republika Crna Gora
Република Црна Гора

(norsk: Montenegro, montenegrinsk)

Det montenegrinske flagget Det montenegrinske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Oj, svijetla majska zoro
(Ој, свијетла мајска зоро)»
Motto Ingen
Geografisk plassering av Montenegro
Offisielle språk Serbisk
Hovudstad Podgorica
Styresett
Republikk
Jakov Milatović
Milojko Spajić
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
13 812 km² (158.)
1,5 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2003)
 – Tettleik
 
642 550 (164.)
620 145
46,5 /km² (133.)
Sjølvstende
Frå Serbia og Montenegro
3. juni 2006
Nasjonaldag 13. juli
BNP
 – Totalt (2006)
 – Per innbyggjar
 
3 443 (—.)
3 800 (—.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +1
Telefonkode +382
Toppnivådomene .me (.yu)2

1 Euro i nokre område.
2 .yu vil vere i bruk til september 2009

Montenegro (montenegrinsk og serbisk Црна Гора, Crna Gora, albansk Mali i Zi) er eit land på Balkan i Aust-Europa. Det grensar til Serbia i nordaust, Kosovo i aust, Albania i søraust, Bosnia-Hercegovina i nordvest og Kroatia i vest og har kyst mot Adriahavet i vest. Hovudstad og største by er Podgorica, medan Cetinje har status som Prijestonica, «det gamle kongelege setet».

Landet var eit serbisk fyrstedøme seint i mellomalderen og fekk sjølvstende frå Det osmanske riket i 1878. Frå 1918 var Montenegro ein del av dei forskjellige utgåvene av Jugoslavia og i statsunion med Serbia og Montenegro etter 2003. I røynda fungerte Serbia og Montenegro som to åtskilde statar på dei fleste område. Ei folkerøysting i landet 21. mai 2006 gjekk inn for oppløysing av samveldet med Serbia, så vidt det var. Montenegro vart åtskilt frå Serbia 3. juni 2006, og vart då ein eigen sjølvstendig stat. Same månad vart landet det 192. medlemslandet i Dei sameinte nasjonane[1] og det 47. medlemmet i Europarådet.[2]

  1. Liste over medlemsland i SN
  2. Montenegro i Europarådet

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy