Mor

Inuittmor og barn.

'Mor eller moder (av norrønt móðir) er ein kvinneleg forelder.[1] Omgrepet kan brukast både om ho som har bore og fødd ungar og ho som fostrar dei opp. Det å bli mor er ein viktig overgang i livet, og i mange samfunn blir ei jente først då rekna som ekte kvinne. Å bera fram mange barn gav status, medan barnlausheit var sett på som ei forbanning.

Dersom ein vil skilja mellom ulike typar mødre, kan ein kalla ho som har fødd ungane ei biologisk mor, ei som fostrar opp ungar utan å ha rettslege band til dei ei pleiemor, og ei som har adoptert dei ei adoptivmor. Stemor er eit negativt lada uttrykk om ei kvinne som har fått morstittelen ved å gifta seg med faren til ungane.

I tillegg til det vanlege ordet på mor har mange språk eit skild ord som framfor alt blir brukt som tiltaleform av ungane hennar, som mamma på norsk og fleire andre språk, ammatamil, og mom, mummy og andre variantar på engelsk. Språkforskarar har spekulert i om dette kan vera eit ur-ord som har følgd menneska frå byrjinga, men det kan òg vera at det er så mykje brukt ettersom lydane det inneheld er lette å seia. Ei anna hypotese er at det er lett å sjå korleis orda mamma og pappa blir uttala, og at dei derfor er høvelege som ord for omgrep ungane må lære å seie tidleg. Dei ser rett og slett korleis orda blir uttalt, vel så mykje som dei høyrer det.

  1. «mor» i Nynorskordboka.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy