Moskva

Moskva
Москва
hovudstad
Vasilijkatedralen, Spasskaja-tårnet, Kreml og Den raude plassen.
Flagg
Symbol
Land  Russland
Del av Den sentrale føderasjonskrets
Høgd 156 m
Areal 2 562 km²
Type Føderal by
Folketal 13 010 112 (1. oktober 2021)[1]
Grunnlagd 1147
Tidssone MSK (UTC+3)
 - Sommartid MSD (UTC+4)
Postnummer 101xxx–129xxx
Retningsnummer (+7)495, (+7)499
Bilnummer 77, 97, 99, 177, 199
Kart
Moskva
55°45′21″N 37°37′04″E / 55.755833333333°N 37.617777777778°E / 55.755833333333; 37.617777777778
Wikimedia Commons: Moscow

Moskva (russisk Москва́) er hovudstaden og den største byen i Russland. Byen er òg den største byen i Europa og storbyområdet til Moskva er av dei største i heile verda. Moskva er det politiske, økonomiske, religiøse og finansielle senteret i landet, samt eit utdannings- og transportsenter. Byen ligg ved elva Moskva i Det sentrale føderasjonsdistriktet i den europeiske delen av Russland. I 2021 talde ein 12,5 millionar innbyggjarar i byen Moskva.

Moskva er eit føderalt subjekt i Den russiske føderasjonen og er òg administrasjonssenter for Moskva oblast.

Gjennom historia har Moskva vore hovudstad i Sovjetunionen, Storfyrstedømet Moskva og Det russiske tsardømet, samt statar før Det russiske riket oppstod. Her ligg Den raude plassen, som er sentrum av Moskva og utgangspunkt for dei breie gatene som går ut i alle retningar. Ved Den raude plassen ligg Kreml, som er bustaden til presidenten av Russland.

Moskva er eit stort økonomisk senter og den byen med flest milliardærar i verda[2] og i 2007 vart Moskva erklært den dyraste byen i verda for utanlandske tilsette.[3] Her ligg mange vitskaps- og utdanningsinstitusjonar, samt mange sportsfasilitetar. Moskva har eit omfattande transportsystem, som inkluderer eit av dei travlaste metrosystema i verda, kjend for sin arkitektur og sine kunstverk.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.citypopulation.de/en/russia/cities/.
  2. «Moscow becomes world's billionaire capital — Forbes». RIA Novsoti. Henta 5. mars 2008. 
  3. Sahadi, Jeanne, Moscow remains the world’s most expensive city while London moves up from fifth to second place. CNNMoney.com

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy