Munnleg overlevering

Kirgisisk forteljar. I sentralasiatisk kultur står den munnlege overleveringa framleis sterkt.

Munnleg overlevering er ein måte å hugsa ting på i samfunn som legg lita eller inga vekt på skriftleg overlevering. Denne metoden kan formidla litteratur, historie og lovar over generasjonar.

Gamle samfunn, frå det norrøne til det opphavlege australske, har brukt munnleg overlevering til å hugsa det dei såg på som viktig. I dag er slik overlevering mindre viktig, men ho er likevel i framleis bruk i dagens norske samfunn, til dømes i form av vandrehistorier.

Mytiske overleveringar kan ha form som lange dikt eller historier. Dei er meint å formidla visdom, moral og ritual frå ein generasjon til den neste. Andre tradisjonar kan vera meinte til å underhalda, og er korte og lausare i forma - vitsar og mange eventyr er døme på dette. Songar er òg ein viktig del av den munnlege tradisjonen, og mange viktige verk kan bli framførte ved hjelp av musikk.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy