Musikkgruppa Camel

Camel

Camel på scenen i 2003.
OpphavGuildford, Surrey, England
AktivSidan 1971
Sjanger
Plateselskap
Medlemmer
Tidlegare medlemmer

Camel er eit engelsk progressivt rockeband skipa i Guildford i Surrey i 1971. Det vart leia av gitaristen Andrew Latimer, og har gjeve ut fjorten originale studioalbum og fjorten singlar, i tillegg til mange konsertalbum og DVD-ar. Musikken deira har ofte vore instrumental med hovudvekt på melodiar og i ein kombinasjon av rock, pop, jazz, blues, folk, klassisk og electronica.

Bandet slo aldri gjennom hos dei store massane, men har hatt ein fast fanskare gjennom åra med album som Mirage, The Snow Goose og Moonmadness. Dei overlevde punkrocken og gjeekk mot ei meir jazzaktig og kommersiell retning, men tok ein sju år lang pause i midten av 1980-åra. Sidan 1991 har bandet vore sjølvstendig og gjeve ut mellom anna Dust and Dreams, Harbour of Tears og Rajaz på sitt eige selskap.

Dei har ikkje gjeve ut studioalbum sidan 2002, men har halde fram å turnere. Musikken deira har påverka fleire seinare artistar, som Marillion og Opeth.[1][2] Musikkjournalisten Mark Blake skildra Camel som «dei store usungne heltane frå 70-tals progrock».[1]

  1. 1,0 1,1 Blake, Mark (22. mars 2017). «Steve Rothery: «People still think Marillion are a Scottish heavy metal band»». Louder. Henta 7. november 2019. 
  2. Akerfeldt, Mikael (28. juli 2014). «Mikael Akerfeldt of Opeth Discusses Camel's 'Moon Madness'—The Record That Changed My Life». Guitar World. Henta 7. november 2019. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy