Musikkgruppa Status Quo

Status Quo

Dei fire lengstvarande medlemmane i bandet, frå venstre til høgre: Rick Parfitt, Francis Rossi, John «Rhino» Edwards og Andy Bown, i Colston Hall i Bristol den 15. november 2005
AliasThe Scorpions (1962–1963)
The Spectres (1963-1967)
Traffic Jam (1967)
The Status Quo (1967-1969)
Status Quo (sidan 1969)
OpphavLondon i England
AktivSidan 1962
SjangerHardrock, rock and roll, boogierock, psykedelisk rock (tidleg)
Tilknytte artistar
Plateselskap
Tidlegare medlemmerSjå: Bandmedlemmar

Status Quo er eit engelsk rockeband som spelar boogierock. Gruppa vart skipa som The Scorpions av skulevenene Francis Rossi og Alan Lancaster i 1962.[1] Etter fleire besetningsendringar, der mellom andre Rick Parfitt kom inn i 1967, vart bandet kjent som The Status Quo i 1967 og berre Status Quo i 1969.

Dei hadde over 60 hittar på singellista i Storbritannia, meir enn noko anna rockeband,[2] inkludert «Pictures of Matchstick Men» i 1968, «Whatever You Want» i 1979 og «In the Army Now» i 1986 og 2010. Tjueto av desse nådde topp 10 på UK Singles Chart. I juli 1985 opna bandet Live AidWembley Stadium med «Rockin' All Over the World». I 1991 fekk Status Quo ein Brit Award for «Outstanding Contribution to Music».[3]

Status Quo spelte i sin første film, Bula Quo!, som kom på kino i juli 2013. Filmen kom samstundes med filmmusikkalbumet Bula Quo!, som nådde tiandeplassen på UK Albums Chart. Den første singelen frå albumet, «Bula Bula Quo», kom ut i juni 2013 og vart den 100. singelen dei gav ut.[4]

Quo har så langt selt kring 118 millionar plater verda over.[5]

  1. Roberts, David (1998). Guinness Rockopedia (1st utg.). London: Guinness Publishing Ltd. s. 417. ISBN 0-85112-072-5. 
  2. «Status Quo hold UK singles record». BBC News. 19. september 2005. Henta 14. februar 2009. 
  3. «1991 – Outstanding Contribution to Music Award – Status Quo» Arkivert 8. mars 2014 ved Wayback Machine.. Brits.co.uk. Henta 1. oktober 2018
  4. «Status Quo celebrate release of their 100th single 'Bula Bula Quo'». The Independent. 10. juni 2013. Henta 10. juni 2013. 
  5. «Quo Facts». Statusquo.co.uk. Arkivert frå originalen 26. desember 2009. Henta 1. oktober 2018. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy