Nasjon

Fridommen leier folket. Måleri av Eugène Delacroix til minne om julirevolusjonen 1830.

Nasjon (frå latin natio, som tyder «fødsel», «avstamming», «folk», frå nasci, som tyder «fødast») eller tjod har sidan den franske revolusjonen si tid blitt brukt om ei gruppe menneske som kjenner seg i slekt ved visse felles politiske og kulturelle trekk, og somme tider ved ei førestilling om eit felles genetisk og historisk opphav. Vanlegvis er nasjonar knytte til eit avgrensa territorium og dannar her eigne nasjonalstatar eller dei har eit ønske om å danna ein eigen stat. Nasjonane utviklar også ein eigen nasjonalkultur, der særtrekk i høve til andre blir framheva, og eigne nasjonale symbol og ritual, som nasjonalflagg, nasjonalsongar, nasjonaldagar osv.

Det er vanleg å skilja mellom

  1. eit politisk nasjonsomgrep, som går attende til den franske revolusjonen på slutten av 1700-talet,[1] og
  2. eit etnisk nasjonsomgrep, som utvikla seg i opposisjon til Napoleon sitt herredømme tidleg på 1800-talet, særleg i Tyskland.[1]

Somme tider blir «nasjon» nytta meir eller mindre identisk med omgrepet etnisk gruppe, utan at gruppa treng ha ambisjonar om å skipa ein eigen stat. Ein kan også snakka om ei fjerde tyding av «nasjon», der nemninga rett og slett står for ein moderne stat eller eit land. Døme på denne bruken finst i namnet på verdsorganisasjonen Dei sameinte nasjonane (SN).

I tillegg til desse moderne tydingane av «nasjon» har ordet også ein lang førmoderne tradisjon. I antikken vart t.d. både jødane, grekarane og romarane rekna som eigne nasjonar eller folk. I mellomalderen voks det fram kongedøme med forholdsvis faste grenser, til dømes Frankrike, England og Noreg. Men desse samfunna skilde seg mykje ut frå dei moderne nasjonane.

  1. 1,0 1,1 Den Store Danske.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy