New Morning

New Morning
Studioalbum av Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 19. oktober 1970
Innspelt Juni til august 1970
Studio Studio B og Studio E, Columbia Studio Building i 49 East 52nd Street i New York City[1][2]
Sjanger Folkrock, countryrock, bluesrock
Lengd 35:21
Selskap Columbia
Produsent Bob Johnston
Bob Dylan-kronologi 
Self Portrait
(1970)
New Morning Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II
(1971)


Singlar frå New Morning
  1. «If Not for You/New Morning»
    Utgjeve: 1970
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[3]
Chicago Tribune3/4 stars[4]
Christgau's Record GuideA–[5]
Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[6]
Entertainment WeeklyB[7]
MusicHound Rock2.5/5[8]
PopMatters6/10[9]
The Rolling Stone Album Guide4/5 stars[10]

New Morning er det 11. studioalbumet til Bob Dylan, gjeven ut på Columbia Records i oktober 1970.

Det kom ut berre fire månader etter det kontroversielle Self Portrait og fekk langt varmare mottaking av både tilhengjarar og kritikarar. Mellom anna vendte Dylan tilbake til den meir kjende, nasale stemma si, som han ikkje hadde nytta på plate sidan John Wesley Harding i 1967 (han hadde hatt ei langt meir fløyels- og countryaktig stemme i mellomtida). I ettertid vert ikkje albumet rekna blant dei beste albuma til Dylan, særleg etter Blood on the Tracks i 1975, som ofte vert sett på som betre.

Albumet nådde sjuandeplassen på albumlista i USA og selde raskt til gullplate. Det gav Dylan den sjette førsteplassen hans i Storbritannia. Den mest kjende songen frå albumet var truleg «If Not For You», som vart spelt av George Harrison og som vart ein internasjonal hit for Olivia Newton-John i 1971. Bryan Ferry spelte òg denne songen på albumet sitt Dylanesque.

  1. Heylin, Clinton, Bob Dylan: The Recording Sessions 1960–94. Penguin. UK; St Martin's Press, US, 1995. ISBN 0-312-13439-8. Cf. s.84.
  2. Bjoerner, Olof, «Still on the Road: 1970 Recording SESSIONS»
  3. Thomas, Stephen (21. oktober 1970). «AllMusic review». Allmusic.com. Henta 13. november 2018. 
  4. Kot, Greg (25. oktober 1992). «Dylan Through The Years: Hits And Misses». Chicago Tribune. Henta 13. november 2018. 
  5. Christgau, Robert (1981). «Bob Dylan: New Morning». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 0-89919-025-1. Henta 13. november 2018. 
  6. Larkin, Colin (2011). «Bob Dylan». Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 0-85712-595-8. 
  7. Flanagan, Bill (29. mars 1991). «Dylan Catalog Revisited». EW.com. Henta 13. november 2018. 
  8. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide (2nd utg.). Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 371. ISBN 1-57859-061-2. 
  9. Hreha, Scott (26. juni 2009). «Bob Dylan: New Morning / The Basement Tapes / Before the Flood / Dylan & the Dead». PopMatters. Henta 13. november 2018. 
  10. Brackett, Nathan; with Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide. New York, NY: Fireside. s. 262. ISBN 0-7432-0169-8. Henta 13. november 2018. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy