Nicko McBrain

Nicko McBrain

Nicko McBrain i Costa Rica under [Somewhere Back in Time-turneen med Iron Maiden
Fødd5. juni 1952 (72 år)
FødestadHackney, London, England
FødenamnMichael Henry McBrain
OpphavStorbritannia
Aktiv1966 til i dag
SjangerHeavy metal, bluesrock, hardrock
InstrumentTrommer, perkusjon
Tilknytte artistarIron Maiden, Pat Travers, Streetwalkers, Trust, The Entire Population of Hackney, WhoCares
Verka somMusikar, låtskrivar

Michael Henry «Nicko» McBrain (fødd 5. juni 1952) er ein engelsk musikar, mest kjend som trommeslagar i det britiske heavy metal-bandet Iron Maiden, som han har spelt i sidan 1982.

Han byrja å spele i små pubband frå han var 15 år gammal. Då han var ferdig på skulen arbeidde han som studiomusikar for fleire artistar, som Streetwalkers, Pat Travers, og det franske, politiske bandet Trust. Han kom med i Iron Maiden og debuterte på det fjerde albumet deira, Piece of Mind (1983), og har vore med i bandet sidan då.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by razib.in