Nico | |||
Nico speler på University of Wales i Lampeter i 1985 | |||
Fødd | 16. oktober 1938 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Köln i Tyskland | ||
Død | 18. juli 1988 (49 år) | ||
Dødsstad | Ibiza i Spania | ||
Fødenamn | Christa Päffgen | ||
Alias | Nico, Christa Nico, Nico Otzak | ||
Opphav | Tyskland | ||
Aktiv | 1954–1988 | ||
Sjanger | |||
Instrument | |||
Stemmetype | alt | ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | |||
Verka som |
| ||
Sambuar med | Brian Jones, Alain Delon, Lüül, Philippe Garrel | ||
Born | Christian Aaron Boulogne |
Christa Päffgen (16. oktober 1938–18. juli 1988),[1][2][3] kjend under artistnamnet Nico, var ein tysk songar, låtskrivar, musikar, modell og skodespelarinne. Ho hadde roller i fleire filmar, inkludert Federico Fellini sin La Dolce Vita (1960) og Andy Warhol sin Chelsea Girls (1966).
Etter ynskje frå Warhol song ho på fire songar på debutalbumet til The Velvet Underground, The Velvet Underground & Nico (1967). Samstundeds starta ho ein solokarriere og gav ut Chelsea Girl. Venen til Nico, Jim Morrison, føreslo at ho skulle byrje å skrive sine eigne songar. Ho komponerte så songar på eit harmonium, som ikkje var eit tradisjonelt rockeinstrument. John Cale frå The Velvet Underground arrangerte musikken for ho og produserte The Marble Index, Desertshore, The End... og fleire andre album.
I 1980-åra turnerte ho mykje i Europa, USA, Australia og Japan. Etter ein konsert i Berlin i juni 1988 reiste ho på ferie til Ibiza og omkom i ei sykkelulukke.[4]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet The Great Rock Discography