Nidarosdomen

Nidarosdomen
domkyrkje
Vestfronten av Nidarosdomen.
Land  Noreg
Fylke Sør-Trøndelag
Kommune Trondheim
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Nidaros
Material Kleberstein
Sitjeplassar 1850
Diverse Glasmåleri av Gabriel Kielland (1908–1934) og Oddmund Kristiansen (1950–1985)
Kart
Nidarosdomen
63°25′37″N 10°23′49″E / 63.4269°N 10.3969°E / 63.4269; 10.3969
Wikimedia Commons: Nidaros Cathedral
Nidarosdomen sett frå Elgeseter bru (Foto: Alex Brasetvik)

Nidarosdomen (eigentleg Nidaros domkyrkje) i Trondheim er domkyrkje for Nidaros bispedøme. Ho er den største kyrkja i Noreg og den nest største gotiske kyrkja i Norden (etter Uppsala domkyrka i Sverige). Truleg kan ho òg seiast å vera den viktigaste kyrkja i Noreg.

Namnet Nidaros kjem av oset til Nidelva. Nidaros er eit gamalt namn på Trondheim by.

Kyrkja er bygd over det som skal vera gravstaden til Heilag-Olav (kong Olav II av Noreg). Han vart drepen i slaget ved Stiklestad i 1030. Ei kjelde med heilag vatn skal ha sprunge fram der kongen hadde vora gravlagd den første vinteren. Ifylgje folketrua hadde dette vatnet lækjande krefter. Etter tradisjonen skal det vera der brunnen er i kyrkja i dag. Etter kvart vart kong Olav rekna som ein heilag mann, og han fekk helgenstatus av den romersk-katolske kyrkja som ein martyr, ein som døydde for si kristne tru. Pilegrimar vandra frå heile Europa for å koma til gravstaden til Heilag-Olav og for å verta friske ved hjelp av vatnet i Olavsbrunnen. I mellomalderen var Nidarosdomen det viktigaste pilegrimsmålet i Norden. Kyrkja vart såleis i stor grad bygd for å kunna ta imot pilegrimane.

Det gotiske skipet mot vest med vestfronten vart bygd i basilikaform omkring 1250–1300.[1]

Nidarosdomen er nasjonalheilagdom for Noreg. I den norske grunnlova av 1814 vart det slege fast at regenten av Noreg skal kronast i Trondheim. Nidarosdomen vart sist brukt som kroningskyrkje i 1906, då kong Haakon VII vart krona. Etter avskaffinga av kroningssermonien har kyrkja vore nytta til signing av regenten. Dei norske kronregalia er utstilt i Riksregaliemuseet som ligg i Lavetthuset til Erkebispegården, ved sidan av Nidarosdomen.

Det er omkring 1850 sitjeplassar,[2] og målt i talet på sitjeplassar er domen mindre enn Kongsberg kyrkje.

  1. Ekroll, Øystein (1997): Med kleber og kalk: norsk steinbygging i mellomalderen. Oslo: Samlaget
  2. Kyrkjesøk

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy