Nintendo DS

Nintendo DS
Elektrisk blå Nintendo DS

Nintendo DS (ニンテンドー, Dual Screen eller Developers System, ofte forkorta til NDS eller DS) er ein handheldt spelkonsoll laga av det japanske føretaket Nintendo. DS blei lansert i 2004 i Japan og Nord-Amerika, og kom til Europa i 2005.

Nintendo DS består av to samanleggbare skjermar, der den eine skjermen er trykkfølsom. Det fylgjer med ein eigen griffel som nyttast til peike på skjermen med. Spelekosollen er og utstyrt med mikrofon og støtte for trådlaus kommunikasjon (IEEE 802.11). Innan ei grense på om lag 10–30 m, avhengig av førehalda, kan 2-8 spelarar såleis spele saman mot kvarandre. Sidan spelkonsollen støttar nedlasting av innhald frå andre DS'ar, er det ikkje naudsynt at alle eig det same spelet. Når konsollen vert slått av, vert nedlasta innhald sletta frå minnet.

Nintendo DS nyttar ein eigen type spelekassettar som på størrelsen kan minne om vanlege minnekort. Spelkassetten skal setjast inn i eit hol bak DSen. Nintendo DS støttar og spelekasettar til Game Boy Advance. Ettersom desse kassettane er smykje større, vert ei anna hol nytta for å sette inn desse spela. DS støttar derimot ikkje spel til den originale Gameboy eller GameBoy Color.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy