Nordiske krossflagg

Dei nordiske flagga. Frå venstre mot høgre: Finland, Island, Noreg, Sverige og Danmark

Nordisk krossflagg, nordisk kross eller skandinavisk kross er eit flaggmønster knytt til flagga i dei skandinaviske landa, der dette mønsteret oppstod. Krossen symboliserer kristendommen, og det ligg sidelengs, med krossendane heilt ut til endane av flagget. Nordiske krossflagg skil seg frå andre flagg med kross ved at den vertikale stripa i krossen er skoven ut mot flaggstonga.

Rekonstruksjon av «riksbanneret» frå Kalmarunionstida.

Det første flagget med denne utforminga var det danske Dannebrog i raudt og kvitt, som elles er det eldste nasjonalflagget i verda. Deretter følgde Sverige med gult og blått flagg. Under Kalmarunionen fanst eit riksbanner som er blitt skildra som ein raud kross på eit gult felt.[1] Seinare fekk Noreg, Finland, Island og enkelte undernasjonale einingar i nordiske land, eller område med norrøn påverknad, krossflagg. Det norske flagget var det første nordiske krossflagget med tre fargar. Sjølv om mange flagg bruker det same mønsteret, har dei ulik historie og ulik symbolikk.

  1. Alex Heick, «Rigens banner» Arkivert 2011-09-03 ved Wayback Machine.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy