Noreg under andre verdskrigen

Kart over krigsframstøyt i Europa i 1940, irekna invasjonen av Noreg

Den andre verdskrigen råka Noreg hardare enn nokon annan moderne krig hadde gjort. Landet opplevde totalitært styre frå den tyske okkupasjonsmakta og bombeåtak frå dei allierte, rasjonering av mat og utstyr og mangel på informasjon. Embetsverket, politiet o.l. samarbeidde så godt dei kunne med den nye statsmakta. Men det blei og utvikla ei motstandsrørsle som arbeidde i og utanfor landet, medan det blei skapt eit fiendebilde av ekte eller tenkte overløparar, som medlemmer av det norske nazistpartiet Nasjonal Samling og «tyskartøser», jenter som gjekk med tyske soldatar.

Noreg var under tysk okkupasjon frå 1940 til 1945. Åtaket frå Hitler-Tyskland tok til 9. april 1940, Noreg var fullt ut okkupert frå førstninga av juni, og dei tyske styrkane i Noreg kapitulerte 8. mai 1945.

Under den nazi-tyske okkupasjonen var demokratiet i Noreg avskaffa. Den lovlege regjeringa i landet, leidd av Johan Nygaardsvold, oppheldt seg i London under okkupasjonen. Etter ei stund vart det norske nazistpartiet NS gjort til formelt regjeringsparti, men den røynlege makta låg heile tida hos leiaren for okkupasjonsmakta, Josef Terboven.

Den nazi-tyske okkupasjonspolitikken i Noreg var relativt mild, samanlikna med åtferda deira i mange andre land, ikkje minst i Polen, Jugoslavia og Sovjetunionen. Nordmenn flest vart sedde på som folk av rett rase som det var om å gjera å vinne over til nazistane si side. (Dette gjaldt sjølvsagt ikkje norske jødar eller sigøynarar. Halvparten av dei norske jødane vart drepne, nesten alle dei fekk tak i.) Derfor hadde tyske okkupasjonssoldatar generell ordre om å fara fint åt med norske sivile. Dersom nordmenn deltok i motstandsarbeid, vart dei likevel utsette for all den grove vald og terror nazismen elles ikkje nølte med å bruke. Til saman vart om lag 10 000 nordmenn drepne under andre verdskrigen.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy