Normandie

Kart over Normandie

Normandie (normannisk: Normaundie) er ein geografisk region som tilsvarar det tidlegare Hertugdømet Normandie. Han ligg ved kysten sør for Den engelske kanalen mellom Bretagne (i vest) og Picardie (i aust) og består av område nord i Frankrike og Kanaløyane. Området er delt mellom Frankrike og Storbritannia. Området av Normandie som ligg på det europeiske kontinentet ligg i Frankrike og dekkjer eit areal på 30 627 km²[1], som er om lag 5 % av Frankrike. Av administrative årsaker er dette området delt inn i to franske regionar: Basse-Normandie og Haute-Normandie. Kanaløyane (kalla Iles Anglo-Normandesfransk) består av Guernsey og Jersey.

Haute-Normandie (Øvre Normandie) består av dei franske départementa Seine-Maritime og Eure, og Basse-Normandie (Nedre Normandie) består av departementa Orne, Calvados og Manche. Den tidlegare provinsen Normandie bestod av det som i dag er Basse og Haute-Normandie, i tillegg til små område av det som i dag er ein del av departementa Eure-et-Loir, Mayenne og Sarthe.

Namnet Normandie kjem frå då vikingar («nordmenn») erobra området og busette seg her frå 800-talet. Dette vart stadfesta i ein traktat på 900-talet. I om lag 150 år etter den normanniske erobringa av England i 1066, delte Normandie og England normanniske herskarar, men etter 1204 vart det kontinentale område overtatt av Frankrike.

Det bur i dag om lag 3,45 millionar innbyggjarar i Normandie. I den franske delen av Normandie utgjer dei 3,26 millionar innbyggjarane 5,5 % av det totale innbyggjartalet i Frankrike (2005).

Basse-Normandie er hovudsakleg eit jordbruksområde der beitande kyr er den viktigaste næringa. Haute-Normandie er meir industribasert. Normandie er ein stor produsent av sider og produserer òg Calvados, destillert sider eller eplebrennevin. Andre viktige næringar er mjølkeproduksjon, lin (60 % av produksjonen i Frankrike), hesteavl, fiske, sjømat og turisme. Regionen inneheld tre franske atomkraftverk.

  1. Comité Régional de Tourisme de Normandie[daud lenkje]

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy