Norsk Allkunnebok

Norsk Allkunnebok er eit ti-bands nynorsk leksikon som vart utgjeve på Fonna Forlag i tida frå 1948 til 1966. I tillegg kom det ut eit eige atlasband.

Redaktør for verket var Arnulv Sudmann. I redaksjonen elles sat Peder Galdal, Sivert Langholm, Kåre Tveito, Ragnar Øvrelid og Jostein Øvrelid. I alt bidrog om lag 350 medarbeidarar med artiklar til allkunneboka. Arbeidet var for ein stor del gjort utan betaling, rekna som kulturelt dugnadsarbeid.[1] Etter estimat gjort ved Norsk Ordbok er Norsk Allkunnebok på ca. seks millionar ord.

Norsk Allkunnebok var det første norske leksikonet som vart utgjeve med signerte artiklar, der forfattaren står til ansvar for opplysningane.

Redaksjonen la vinn på å vekte norske tilhøve, ved å dra fram nytt tilfang frå bygdekunst og bygdesoge, arbeidsliv på bygdene, folkeliv og folkeminnegransking. Av næringsvegar la dei særleg vinn på å få med stoff om bygdenæringar som jordbruk, skogbruk og fiske. Innanfor norsk geografi har verket med alle norske poststader, dampskipstoppestader, telegrafstasjonar, kyrkjesokn, herad og byar; det har opplysningar om fjordar i Noreg, elvar, fossar, fjell, dalar, øyar og storgardar.

I siste bandet er det med ein bolk med tillegg og rettingar. Det store kommunebrigdet som gjekk for seg under utgjevingstida gjorde at mange artiklar om norske herad var vortne forelda før verket var ferdig, og det vert kort greidd ut om bakst i siste bandet.

Arbeidet med allkunneboka var eit nybrottsarbeid, på mange område måtte redaksjonen finne fram til ein nynorsk terminologi der det før var heilt urydda mark. Økonomiske vanskar hos forlaget gjorde at særleg dei to siste banda vart skadelidande.

  1. Norsk Ordbok - korpuset

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy