Norsk mat

«Norsk mat» på Fagernes hotell servert i eit bord dekorert som eit vikingskip.
Blandaball, avkokt klippfisk, gulrot, kålrot, bacon, blåskjell og potet servert i Kristiansund.
Foto: Arnstein Rønning

Norsk mat er tradisjonelt mat og drikke som byggjer på lokale matvarer frå landbruk, fangst og fiske. Mange tradisjonelle retter ber preg av konservering, som var nødvendig for å ha tilgang på mat gjennom heile året. Matkulturen er også blitt påverka frå utlandet, og i tråd med industralisering og globalisering er fleire nye varer og retter blitt vanlege.

Nokre typiske eldre norske middagsretter er kjøtkaker, fiskekaker, komle og pylse, ofte med potet til. Langs kysten og i Nord-Noreg blir det også ete mykje fisk som torsk, sei og laks. I nyare tid er pasta, pizza og taco blitt utbreidde. Tradisjonelt har ein ete flate brød, som flatbrød, lefse, lompe og svele, men i nyare tid er gjærbakst som brødskiver, bollar og rundstykke blitt meir vanlege.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy