Norsk raudliste for artar

Norsk raudliste for artar er eit oversyn over artar innanfor rika plantar, dyr og sopp som er vurderte å ha risiko for å kome bort i Noreg. Raudlisting inneber ei kategorisering av artane basert på eit sett av presise kriterium for å evaluere risiko for å døy ut innanfor omådet for dei norske politiske forvaltingseiningane.

Den norske raudlista stør opp om forvalting i samsvar med naturmangfaldlova og indirekta SN-konvensjonen om biologisk mangfald (CBD),[1] til dømes i kommunal aralplanlegging.[2]

I 2003 utvikla Verdas naturvernunion, IUCN, eit sett med transparente, kvantitative kriterium for å vurdere vernestatusen til artar på regionalt og nasjonalt nivå.[3] Utarbeiding av den norske lista er basert på metodikken bak IUCN si globale raudliste over truga artar. Lista er eit døme på ei regional raudliste med statusen til artar i eit bestemt land eller område. Vurderingane blir gjort saman med vitskaplege institusjonar og andre med faglig spisskompetanse. Til dømes for 2021-utgåva, deltok 19 ekspertkomitéar med 94 medlemmer.

Frå og med 2006 har Artsdatabanken utarbeidd og publisert den nasjonale raudlista for Noreg. Ho har blitt revidert kvart fjerde til sjette år, siste gang i 2021. Tidlegare hadde Direktoratet for naturforvalting ansvar for den norske nasjonale raudlista.

Gjeldande norsk nasjonal raudliste er frå 2021. Dei fremste ekspertane i landet har vurdert risikoen for om 23 578 ulike artar i Noreg kan døy ut. Totalt er 2878 artar blitt kategoriserte som truga i den nye raudlista. Tala inkluderer 371 vurderte og av dei 59 truga takson på underart og varietetsnivå av karplantar og mosar.

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet lov
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet arealplan
  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet iucn2003

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy