Norske statsministrar

Norske statsministrar gjev oversyn over statsministrar i Noreg. Statsministeren er regjeringsleiar og vart peika ut av Kongen til å leia regjeringa med parlamentarisk grunnlag.

Sjølv om tittelen statsminister blei introdusert i 1814, fekk han sitt noverande innhald gjennom reformer i 1873 og 1884. I 1873 avskaffa Oskar II det kvilande statthaldarembetet[1] og rolla som fyrstestatsråd blei forma om til ein aktiv regjeringsleiar: statsministeren. I 1884 knesette det norske Stortinget prinsippet om parlamentarisme;, det at regjeringa skal gå ut frå eller ha støtte frå eit fleirtal i nasjonalforsamlinga.

  1. Oscar 2. frå Norsk biografisk leksikon

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy