O

Alfabetet
A B C D E
F G H I J
K L M N O
P Q R S T
U V W X Y
Z Æ Ø Å

O (o) er den femtande bokstaven i det latinske og det greske alfabetet (O, o). Bokstaven stammar frå fønikisk skrift. I semittisk syner bokstaven til ei form for aspirasjon, ein skarp strupelyd som liknar 'alef (sjå A), men er kraftigare. Bokstaven heiter på hebraisk ayin og tyder «auge». Teiknet var òg eit symbol for auge. Grekarane tok bokstaven i bruk for vokalen o, til å byrje med både for lang og kort o-lyd. Seinare laga dei ei omdanna form, Ω eller ω, for lang o-lyd og plasserte han sist i alfabetet og kalla han «o mega» eller «stor o». Til skilnad vart o, no berre nytta for kort o og kalla «o mikron», som tyder «liten o».

På norsk vert o dels uttalt som lukka o (til dømes rom) og dels som å (til dømes kopp). Berre den eldre runerekka har eit særleg o-teikn, medan dei yngre runene nyttar same teiknet for u og o.

O kan stå for:


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy