Obo

Obo

Klassifiseringobofamilieinstrument
Hornbostel-Sachs klassifisering422.112-71

Obo, forkorta uttale av det franske ordet hautbois, samansett av haut (høg) og bois (treverk), er eit treblåseinstrument som nyttar dobbelt røyrblad og er stemd i C. Han vart utvikla frå skalmeiene som var mykje brukt i mellomalderen og renessansen. Oboen vart til tidleg på 1600-talet og er difor eit av dei eldste instrumenta i treblåsfamilien. Namnet obo kjem frå det franske hautbois som tyder 'høgt' eller 'ljost tre'. På 1700-talet vart ein annan variant av oboen òg brukt, og denne varianten vart kalla «obo d'amore». Ein som speler obo er kalla ein «oboist».

Oboen er om lag 60 cm lang, og ein får dei ulike tonane ved å tette eller opne klaffar. På 1800-talet vart klaffesystemet støtt utvikla til det systemet oboen har i dag. Oboen var eit av de fyrste treblåsinstrumenta som fekk fast plass i symfoniorkesteret.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy