Odin

Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Oden».
Truleg ei framstilling av Odin som rir på Sleipnebiletsteinen Tjängvidesteinen frå Gotland.
Odin med ramnene og våpna sine. Frå eit islandsk manuskript frå 1700-talet.

Odin eller Oden (norrønt Óðinn) var namnet på guden til hovdingane i norrøn gudetru. Han var hovdingen til gudane, og var òg den guden norrøne hovdingar blóta til. Odin er den mektigaste og klokaste av gudane i den norrøne mytologien. I seinare tid er gudenamnet blitt til eit noko uvanleg førenamn, og har òg gjeve namn til Odinfeltet for naturgass i Nordsjøen.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy