Oh, Boy! Singel av The Crickets frå albumet The "Chirping" Crickets | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 27. oktober 1957 22. desember 1957 (UK) | |
Innspelt | 29. juni - 1. juli 1957, Clovis i New Mexico | |
Sjanger | Rock and roll, rockabilly | |
Lengd | 2:10 | |
Selskap | Brunswick 9-55035 | |
Komponist | Sonny West, Norman Petty, Bill Tilghman | |
Tekstforfattar | Sonny West, Norman Petty, Bill Tilghman | |
Låtskrivar(ar) | Sonny West, Bill Tilghman, Norman Petty | |
Produsent | Norman Petty | |
The Crickets-kronologi | ||
«That'll Be the Day» (1957) |
Oh, Boy! | «Maybe Baby» (1958)
|
«Oh, Boy!» er ein song skriven av Sonny West, Bill Tilghman og Norman Petty. Han vart opphavleg spelt inn av Sonny West seint i 1950-åra, men selde dårleg. Han vart seinare spelt inn av Buddy Holly and the Crickets mellom 29. juni og 1. juli 1957 i Petty Studios i Clovis i New Mexico, der Holly song solovokal og The Picks song korvokal. Songen er på formatet A-A-B-A med eit vers i 12-taktsblues og eit åtte taktar langt mellomspel. Holly spelte òg ein annan West-song, kalla «Rave On».)
Songen vart gjeven ut på albumet The "Chirping" Crickets og kom òg som A-sida på ein singel, med «Not Fade Away» som B-sida. Songen nådde tiandeplassen på den amerikanske singellista og tredjeplassen på den britiske lista tidleg i 1958.