Folk er eit omgrep som ofte er nytta i tiltale og omtale som synonym med menneske. Ordet har ikkje same tydingsinnhald som folkegruppe, sjølv om det overlappar ved somme høve. I tiltale kan forma «folkens» stundom nyttast, som eit av dei få døma på overlevande vokativ i moderne norsk. «Folk» lappar òg over «personar», eit omgrep som òg tidvis er nytta om menneske.
I Noreg er folkeomgrepet stundom knytt til danning, gjennom samanstillinga folkeskikk. Dette har samanheng med at «folket» var definert som «sjølvesfolket», altså dei som åtte gard, og desse var rekna som betrestilte enn allmugen. Samanstillinga «godtfolk» skriv seg frå denne tankegangen. Å «te seg som folk» var då å te seg etter sedvanen hjå dei som var vertskap, i vidare meining ein rådande samfunnsgruppe (bøndene). I den same tankegangen var det og vanleg å «folke seg», altså lære seg landsens skikk og bruk. Ordet «folkeleg» skriv seg frå same tanken, at ein kunne te seg sømeleg og var måtehalden, altså kunne «te seg som folk». Ordet er knapt å finne i denne tydinga utanfor Noreg. I land som Frankrike var danning og sømeleg ferd knytt til ein herskande klasse, og folket var rekna som udanna. Nyare bruk av «folkeleg» inneber ofte 'som høyrer til eller er av folket' (folkeleg song, folkeleg tradisjon).
Andre avleiingar er adjektivet «folksam», eller «folkerik», som tyder at det er mange menneske i eit område. «Folkesky» inneber at ein ikkje er mykje ute mellom folk.
Ordet «fylke» skriv seg òg frå dette grunnordet.
Folkeomgrepet i Noreg er særs gamalt, og skriv seg frå norrøn tid. I norsk finn ein atterklang av ei nytting som oppvurderer folket som rettsleg og dannande gruppe, motsett fransk, der peuble (frå latin populus) vart synonymt med mobben eller pøbelen. Frå det latinske vulgus, som har same rota som «folk», finn ein òg adjektivet vulgær, som òg har nedsetjande tyding.
Avleiinga folkegruppe inneber ei særskild gruppe menneske med sams identitet.
Ivar Aasen har følgjande samanstillingar til folkeomgrepet. Av desse er det fleire nemningar på folkeskikk: Folkebragd, folkeferd, folkegjerd, folkelag, folkeleg, folkesed og folkevis. Sømeleg krav til menneskeleg omgang har tydeleg vore utbreidd.