Online Computer Library Center | |||
| |||
Type | 501(c)(3)-organisasjon | ||
---|---|---|---|
Skipa | 5. juli 1967 | ||
Hovudkontor | Dublin | ||
Nettstad | https://www.oclc.org/ |
Online Computer Library Center, forkorta OCLC, er ein stor biblioteksentral med hovudsete i Dublin i Ohio i USA, og fleire andre lokalkontor. Verksemda blei grunnlagd i 1967 av Fred Kilgour og blir drive av eit ikkje-fortenesteretta konsortium med 57 000 medlemsbibliotek i 123 land. OCLC var opphavleg ei forkorting for Ohio College Library Center. Medlemsbiblioteka får tilgang til OCLC sin store bibliotekskatalog WorldCat og ei omfattande samling av forskningsresultat.