Oxford

Oxford
by
Våpenskjold
Motto: Fortis est veritas ('Sanning er styrke')
Kallenamn: The City of Dreaming Spires
Land  England
Region Oxfordshire
Areal 45,59 km²
Folketal 152 000
Grunnlagd 700-talet
Postnummer OX
Retningsnummer 01865
Kart
Oxford
51°45′07″N 1°15′28″W / 51.751944444444°N 1.2577777777778°W / 51.751944444444; -1.2577777777778
Wikimedia Commons: Oxford

Oxford er ein by og eit administrativt distrikt i Oxfordshire i England, som har ein folkesetnad på kring 150 000 innbyggjarar. Byen hyser Oxford-universitetet, det eldste universitetet i den engelsk-talande verda. Ulikt «rivalen» Cambridge er Oxford òg ein industriby, og er spesielt forbunde med bilproduksjonen i forstaden Cowley. I tillegg finst her industri som stålverk, trykkeri, forlag, elektrotekniske fabrikkar og næringsmiddelindustri.

Byen er kjend som «byen med dei drøymande spira», eit omgrep som vart innført av Matthew Arnold som ein referanse til den harmoniske måten bygningane på universitetsområdet vart bygde på. Elva Themsen renn gjennom Oxford, der namnet Isis blir brukt om ei strekning på om lag 4,5 kilometer.

Byen vert i stor grad prega av av Oxford universitet med dei mange collegebygningane, som stort sett har gotiske stiltrekk, og Bodleian Library med lesesalen Radcliffe Camera. Av dei mange kyrkjene i byen finn ein domkyrkja med kjende glasmåleri, St. Michael's (1000-talet) og St. Mary the Virgin (1200-talet), kapellet ved Christ Church College som blei gjort til den minste katedralen i England, og All Saints Church. I byen ligg òg Sheldonian Theatre (1663–1669), ein botanisk hage, og fleire museum. Bydelane i søraust og nord er dominert av industri og bustadstrøk.

Oxford voks opp omkring eit nonnekloster og vart frå kring 1200 eit av dei fremste utdanningssentera i Europa. Sidan 1970 har byen òg vore sete for Oxford Polytechnic. Oxford ligg ved knutepunktet til fleire viktige vegar og elvar, og er ein gammal by, som vart grunnlagd på 700-talet. Han vart forsvart mot åtak frå vikingane og har eit borgtårn frå 1071. Under den engelske borgarkrigen var byen hovudstaden til rojalistane og vart i 1646 kringsett av parlamentstroppane.

  1. 1,0 1,1 1,2 https://old.bigenc.ru/geography/text/2687580; vitjingsdato: 12. juli 2024.
  2. 2,0 2,1 2,2 Store sovjetiske leksikon (1969-1978); side(r): 358; bind: 18.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy