Palauisk

Palauisk
tekoi er Belau, tekoi ra Belau,
Klassifisering austronesisk
 malayopolynesisk
  sentral-austleg
Bruk
Tala i Palau, Guam, USA
Område Mikronesia
Palauisktalande i alt 15 000
Skriftsystem det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-2 pau
ISO 639-3 pau

Palauisk er eit malayopolynesisk språk som er nasjonalt språk på Palau, der det har rundt 15 000 talarar.

Palauisk blir snakka av rundt 65 % av palauarar. Det er offisielt språk i dei fleste statane i Palau, bortsett frå Angaur og dei fjernare øyane Sonsoral og Tobi. Det andre offisielle språket i øyriket er engelsk.[1] Utanom Palau finst det ein del språkbrukarar på Guam og i USA.[2]

Språket tilhøyrer den sentral-austlege språkgruppa av malayopolynesiske språk, og skil seg ut frå andre språk i Mikronesia ettersom det verken tilhøyrer dei mikronesiske eller polynesiske språka. Det einaste nærskylde språket i området er chamorro, som mellom anna blir snakka på Guam.

Ein skriv palauske med det latinske alfabetet, etter ein ortografi som blei fastsett på 1970-talet.

  1. Palau Arkivert 2020-05-01 ved Wayback Machine. i The World Factbook, cia.gov
  2. Palau. Lewis, M. Paul (ed.), 2009. Ethnologue: Languages of the World, Sixteenth edition. Dallas, Tex.: SIL International. Online version.]

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy