Paul Simon |
|
|
Fødd | 13. oktober 1941 (83 år) |
---|
Fødestad | Newark |
---|
Fødenamn | Paul Frederic Simon |
---|
Alias | Jerry Landis, True Taylor, Paul Kane |
---|
Opphav | Newark i USA |
---|
Aktiv | 1957 til i dag |
---|
Sjanger | Folkrock, folk-pop, rock, verdsmusikk |
---|
Instrument | Vokal, gitar, bassgitar, piano, perkusjon |
---|
Kjende instrument | Martin OM42PS (Paul Simon) og PS2
Yamaha PS Signature Models |
---|
Stemmetype | tenor |
---|
Tilknytte artistar | Simon & Garfunkel |
---|
Plateselskap | Columbia Records (1964-1977, 2010-), Warner Bros. Records (1978-2010), Legacy Records |
---|
Verka som | Songar, låtskrivar, musikar, plateprodusent |
---|
Mor | Belle Simon |
---|
Gift med | Carrie Fisher, Peggy Harper, Edie Brickell |
---|
Sambuar med | Kathleen Mary Chitty, Shelley Duvall |
---|
Born | Harper Simon, Adrian Edward Simon, Lulu Simon, Gabriel Elijah Simon |
---|
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award, Polar Music Prize, Primetime Emmy Award, MusiCares Person of the Year, Rock and Roll Hall of Fame, Kennedy Center Honors, Gershwin Prize, Johnny Mercer Award, medlem av American Academy of Arts and Sciences Fellow, CASBY Award, Ellis Island Medal of Honor |
Paul Frederic Simon (fødd 13. oktober 1941) er ein USA-amerikansk songar og låtskrivar. Han er mest kjend som ein halvdelen i duoen Simon & Garfunkel i lag med Art Garfunkel. Simon skreiv dei fleste av songane deira, mellom anna tre songar som nådde førsteplassen i USA, «The Sound of Silence», «Mrs. Robinson» og «Bridge Over Troubled Water».[1] Duoen skilde lag i 1970, på høgda av popularitetene sin, og Simon starta ei suksessrik solokarriere. I løpet av dei neste fem åra spelte han inn tre kritikarroste album.[2] I 1986 gav han ut Graceland, eit album inspirert av mbaqanga-musikk frå township i Sør-Afrika, som gav energi til kampen mot apartheid[3] og blei det mest populære soloprosjektet hans med 14 millionar selde eksemplar.[4]
Utanom musikk har Simon skrive og spelt i filmen One Trick Pony i 1980, og han var med på å skrive Broadway-musikalen The Capeman med diktaren Derek Walcott i 1998.[5]
I solokarrieren sin og med Simon & Garfunkel har Simon vunne 16 Grammy-prisar, mellom anna Lifetime Achievement Award.[6] I 2001 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame[7] og i vart han vald ut av bladet Time som ein av «100 menneske som forma verda».[8]
Bladet Rolling Stone utnemnde han til ein av dei 100 største gitaristane i 2011[9] og til ein av dei 100 største låtskrivarane nokonsinne i 2015.[10]
I 2007 var han den første mottakaren av Library of Congress sin Gershwinpris.[11] I 1986 vart han utnemnd til æresdokto i musikk ved Berklee College of Music, der han seinare vart medlem av styret.[12][13]
- ↑ Bronson s. 428
- ↑ «Episodes: Paul Simon». American Masters. Public Broadcasting Service. Henta 3. november 2010.
- ↑ Holden, Stephen (14. oktober 1990). «Paul Simon's Journey To Brazil og Beyond». New York Times. Henta 3. november 2010.
- ↑ Denselow, Robin (16. mars 2012). «Paul Simon brings Graceland back to London, 25 years after apartheid boycott row». The Guardian (London). Henta 12. november 2016.
- ↑ Ruhlmann, William. «Paul Simon: Biography». Allmusic. Henta 3. november 2010.
- ↑ «Grammy Award Winners». Grammy.com. Henta 3. november 2010.
- ↑ «Biography og Timeline: Paul Simon». Inductees. Rock & Roll Hall of Fame.
- ↑ Tyrangiel, Josh (8. mai 2006). «Paul Simon». Time. Arkivert frå originalen 22. januar 2011. Henta 4. april 2011.
- ↑ «93: Paul Simon». Rolling Stone. 23. november 2011. Arkivert frå originalen 23. februar 2018. Henta 2. juli 2018.
- ↑ «8: Paul Simon». Rolling Stone. august 2015.
- ↑ «Paul Simon: The Library of Congress Gershwin Prize for Popular Song». PBS. Henta 6. desember 2009.
- ↑ Hochschild, Rob. «Honorary Doctorate Recipients». Henta May 17, 2012.
- ↑ «Board of Trustees». Arkivert frå originalen 11. mai 2012. Henta 17. mai 2012.