Pengesetel

Pengesetlar for valutaen euro.

Pengesetel er eit betalingsmiddel i form av ein papirlapp av ein fastsett storleik og kvalitet, og med eit fastsett motiv, vanlegvis trykkja i store serier på eit trykkjeri etter autorisasjon av styresmaktene. Saman med myntar går setlar under nemninga kontantar eller pengar. Dei kan brukast ved kjøp og sal, og er upersonlege i den meininga at alle som hovudregel har rett og plikt til å gjere opp med pengesetlar i handel og andre økonomiske tilhøve. Men når det gjeld store summar er det vanleg, og i somme høve naudsynt, å nytta andre framgangsmåtar enn å betale med kontantar, og for folk flest har dessutan elektroniske betalingsordningar erstatta kontantar i dei fleste daglege små og store transaksjonane.

Både private og offentlege bankar kan utskrive pengesetlar etter visse reglar. I moderne tid blir likevel pengesetlar så godt som utelukkande skrive ut av statlege sentralbankar, som t.d. Noregs Bank eller Bank of England, og slike setlar gjeld som betalingsmiddel i alle bankar og forretningar i det aktuelle landet.

Dei fleste pengesetlar inneheld tryggingstiltak for å forhindre forfalsking, blant anna kopartrykk, vassmerke og ultrafiolette merke.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy