Pensjonistpartiet

Pensjonistpartiet

LandNoreg
Partileiar(ar)Kurt Johnny Hæggernes (2023)
Grunnlagt1985
HovudkvarterOslo
Donasjonar56 000 (2019)[1]
Ideologienkeltsaksparti Sjå dette på Wikidata
Slagord«Livsglede, framtid og folkehelse»

Pensjonistpartiet vart danna i 1985 som ein protest mot at saker som var viktige for pensjonistar og eldre ikkje var dominerande nok i samfunnsdebatten og at det var for få eldre i avgjerande politiske stillingar.

Partiet byggjer på eit kristent grunnlag og fokuserer sterkt på å betre livssituasjonen til eldre og andre svake grupper i samfunnet.

Partiet har per mars 2023, 14 fylkeslag og 52 lokallag spreidde omkring i landet.[2] Pensjonistpartiets Ungdom starta i 2009, med eit lokallag i Vest-Agder.[3]

Pensjonistpartiet var det første norske politiske partiet som sende politisk reklamefjernsyn, sjølv om dette er ulovleg i Noreg.[4]

Representantar frå pensjonistpartiet har aldri blitt valde inn til Stortinget, men dåverande stortingsrepresentant Arne Haukvik melde overgang til Pensjonistpartiet då han ikkje blei renominert for Senterpartiet i 1997.

  1. https://www.partifinansiering.no/nb/arlige-bidrag.
  2. Lokallag – Relationship Coach (på norsk bokmål), henta 17. mars 2023 
  3. NRK Sørlandet:Han er pensjonistungdom
  4. «TV Vest sender politisk reklame» av Hilde Charlotte Solheim, Kampanje 12. august 2003

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy