Per Borten

Per Borten

Fødd3. april 1913
Flå kommune
Død20. januar 2005 (91 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, bonde
Utdanna vedNoregs miljø- og biovitskaplege universitet
VervStatsminister i Noreg 1965-1971
FøregangarEinar Gerhardsen
EtterfylgjarTrygve Bratteli
Alle verv

Per Borten (3. april 191320. januar 2005) var ein norsk politikar frå Senterpartiet. Han vart fødd i Flå i Sør-Trøndelag, og døydde i Trondheim. Han var statsminister i ei borgarleg samlingsregjering eller koalisjonsregjering frå 12. oktober 1965 til 17. mars 1971. Partia Senterpartiet, Venstre, Høgre og Kristeleg Folkeparti gjekk saman om å danna regjering.

Borten tok eksamen ved Norges Landbrukshøgskole i 1939, og var heradsagronom i Alvdal og Folldal, før han vart ordførar i heimbygda Flå frå 1945 til 1955. Han vart stortingsrepresentant i 1950, og formann i Bondepartiet (i dag Senterpartiet) i 1955.

Borten tok over som statsminister etter at Einar Gerhardsen si regjering frå Arbeidarpartiet gjekk av.

Borten gjekk av som statsminister då det vart kjent at han skulle ha gjeve ut informasjon som skulle vore løynd. Informasjonen var knytt til forhandlingene om Noreg sine vilkår i høve eit mogleg medlemsskap i EF, det seinare EU. Seinare kom det fram at ein statssekretær hadde gjeve ut informasjonen. Trygve Bratteli si regjering frå Arbeidarpartiet etterfylgde Per Borten si regjering.

Borten var kjend for ein likefram stil. Han lét seg mellom anna intervjua av avisa Dagbladet med berre underbukse på seg. Eit kjent sitat frå Borten er då han skulle skildra korleis det var å vera statsminister i samlingsregjeringa: «Det har vore som å bera staur».


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy