Persisk

Persisk
فارسی; fârsi
Klassifisering Indoeuropeisk
 indoiransk
  iransk
   persisk
Talarar Persofon
Bruk
Tala i Iran, Afghanistan, Tadjikistan Usbekistan, Qatar
Område Vestlege/sentrale Asia
Persisktalande i alt 61 millionar
Skriftsystem Det persiske alfabetet
Offisiell status
Offisielt språk i Iran
Normert av Akademiet for persisk språk og litteratur
Språkkodar
ISO 639-1 fa
ISO 639-2 per (B) / fas (T)
ISO 639-3 PRS


Den geografiske utbreiinga til det persiske språket.

Wikipedia på persisk

Persisk eller farsi er eit iransk språk som har status som offisielt språk i Iran og Afghanistan, og som òg blir snakka i Usbekistan og Tadjikistan.

Til saman 61 millionar menneske har dette språket som morsmål. Gjennom Persarriket har språket hatt stor historisk tyding og utbreiing, og det har framleis ein høg status mange stader. Persisk blir skrive med ei tilpassa utgåve av det arabiske alfabetet, dette blir ofte kalla det persiske alfabetet.

Dei mest nærskylde språka til persisk er kurdisk, balutsji og mazandarani.[1]

  1. «Persian language courses», SOAS (på engelsk), henta 9. januar 2023 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy