Phil Woods

Phil Woods

Phil Woods i 1978
Fødd2. november 1931
FødestadSpringfield i Massachusetts i USA
Død29. september 2015 (83 år)
DødsstadStroudsburg
FødenamnPhilip Wells Woods
AliasFudd Gumjaw
OpphavUSA
SjangerJazz, bebop, hard bop, post-bop, crossover jazz
InstrumentAltsaksofon, sopransaksofon, klarinett
PlateselskapAntilles, Concord Records
Verka somSaksofonist, klarinettist, bandleiar, komponist
Gift medChan Parker
PrisarNEA Jazz Masters

Philip Wells Woods (2. november 193129. september 2015) var ein amerikansk jazz altsaksofonist og klarinettist.

Woods studerte musikk saman med Lennie TristanoThe Manhattan Shcool of Music og The Julliard School. På den tida var hovudinstrumentet klarinett. Etter utdanninga fekk han raskt ry som ein framifrå bebopsaksofonist, eit ry som har vakse seg stort. Sjølv om få vil hevde at han kopierte spelet til Charlie «Bird» Parker, vart han etterkvart kjend som den nye Bird.

Phil Woods på Oslo Jazzfestival i 2007.

Frå 1955 arbeidde han i hovudsak med grupper der han sjølv var leiaren, men han har òg samarbeida med artistar som Charlie Barnet, Jimmy Raney, George Wallington, Dizzy Gillespie, Buddy Rich, Quincy Jones, Benny Goodman, Benny Carter, Thelonious Monk, Billy Joel, og Michel Legrand.

Etter å ha flytta til Frankrike i 1968 leia han The European Rhythm Machine, ei gruppe som spelte det ein kan kalle avantgardejazz. Han reiste attende til USA i 1972. Og etter ei mislukka satsing på ei elektronisk gruppe, etablerte han sin eigen kvintett som, med noko utskifte av musikarar, framleis er aktiv (2004).

Phil Woods har spelt inn eit stort tal plater, både som leiar og som sidemann. Dei mest kjende bidraga er kanskje altsoloane på Billy Joel sin «Just the Way You Are» og Paul Simon sin «Have a Good Time».

Phil Woods gifta seg med Chan Parker, enka etter Charlie Parker.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy