Pitesamisk

Pitesamisk
bidumsámegiella
Klassifisering Uralsk
 samisk
Bruk
Tala i Noreg, Sverige
Område Nordland, Norrland
Pitesamisktalande i alt ca. 25–50[1]
Rangering Ikkje topp-100
Skriftsystem latinsk alfabet
Språkkodar
ISO 639-3 sje
Tospråkleg vegskilt ved Árjepluovve (pitesamisk) / Arjeplog (svensk) i Arjeplogs kommun i Norrbottens län i Sverige.
Foto: Bjørn Utne, 2008
Pitesamisk-svensk ordbok fra 2016

Pitesamisk eller arjeplogsamisk er eit samisk språk i den uralske språkfamilien. Dei få talarane som er att bur hovudsakleg i Sverige, kring og sør for Pite älv på nordsida av Arjeplog og Arvidsjaur; og det bur òg nokre få i Salten på norsk side.

I Sverige bur 30-40 talarar.[2] I Noreg har det vorte hevda at dei «siste som hadde pitesamisk som morsmål» skal ha døydd på 1950-talet,[3] men pitesamiske språkbrukarar i Fauske kommune vart refererte til i kjelder frå tidleg i 2000-åra, [4] og framleis i dag finst nokre få morsmålstalarar i Fauske kommune.[5]

  1. Per mai 2011 kjenner ein til ca. 30 personar i Sverige som snakkar pitesamisk, og den yngste av dei er i trettiårsalderen ifølgje forskaren Joshua Wilbur. Ordboksprosjektleiaren Nils-Henrik Bengtsson kjenner i tillegg til kring tjue som har morsmålskompetanse, men som ikkje brukar språket aktivt.
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet ordbok2016
  3. Maja Sojtarić og Dima Emelianov. Frem fra glemselen (pdf-fil). Labyrint. S. 37. Vitja 25. november 2019
  4. “Vuona bielen Fuosko komuvnan ájnegattja árjepluovsámegielav ságasti (...)” (Susanna Kuoljok: «Julevsámegiella», i Bårjås 4 (2002), s. 10f.)
  5. «Vår høringsuttalelse om språk til Sametinget 21. februar 2024» på Sallto.no, publ. 21.02.2024.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy