Podgorica

Podgorica • Подгорица
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Montenegro
Høgd 44 m
Areal 1 205 km²
Folketal 150 977 (2011)
Grunnlagd Før 1000-talet
Tidssone CET (UTC+1)
Postnummer 81000
Retningsnummer 81
Bilnummer PG
Kart
Podgorica
42°26′29″N 19°15′46″E / 42.441388888889°N 19.262777777778°E / 42.441388888889; 19.262777777778
Wikimedia Commons: Podgorica

Podgorica (kyrillisk Подгорица) er hovudstaden og den største byen i Montenegro. Byen vart tidlegare kalla Titograd.

Podgorica har om lag 151 000 innbyggjarar og ligg der elvane Ribnica og Morača renn saman og der dei frodige Zeta- og Bjelopavlićislettene møter kvarandre. Byen ligg berre nokre få titals kilometer frå både vinterskistadane i nord og feriestadane ved Adriahavet.

Kommunen Podgorica utgjer om lag 10,4 % av det totale arealet til Montenegro og 27,3 % av folkesetnaden. I tillegg til å vere det administrative senteret i Montenegro er Podgorica òg det viktigaste senteret for økonomi, kultur og handel.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy