Portrett

Rogier van der Weyden: Kvinneportrett, 1463

Portrett er ei biletleg framsyning eller framstilling av eitt eller fleire bestemte menneske, der ein gjev att dei individuelle draga til vedkomande. Særleg skal andletstrekka framstå tydeleg. Avhengig av kor mange personar som vert avbilda, talar ein om enkeltportrett, dobbelportrett eller gruppeportrett. Nemninga portrett er frå fransk portrait, som kjem av det latinske protrahere, «drage fram».


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy