Portugisisk

Portugisisk
Português
Klassifisering Indoeuropeisk
 italiske språk
  romanske språk
   iberoromanske språk
Talarar portugisarar
Bruk
Tala i Der det har offisiell status, og i tillegg Andorra, Canada, Ekvatorial-Guinea, Frankrike, Luxembourg, Namibia, Paraguay, Sør-Afrika, Uruguay, USA, Venezuela og andre land.
Portugisisktalande i alt 202 til 209 millionar
Rangering 13
Skriftsystem Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i Angola, Brasil, Guinea-Bissau, Kapp Verde, Macao, Mosambik, Portugal, São Tomé og Príncipe og Aust-Timor
Normert av Det internasjonale portugisiske språkinstitutt, under CPLP
Språkkodar
ISO 639-1 pt
ISO 639-2 por
ISO 639-3 por
Wikipedia på portugisisk

Portugisisk er eit språk som blir snakka i Portugal, Brasil og i dei tidlegare portugisiske koloniane i Afrika, spesielt i Kapp Verde, Angola og Mosambik. Meir enn 200 millionar menneske har portugisisk som morsmål.

Språket er ein del av den romanske språkklassa. Galisisk, som blir snakka i Galicia nord for Portugal, er nært i slekt med portugisisk, og i språkvitskapen blir dei to gjerne rekna som eitt språk.[1] Politisk er dei likevel to språk på det viset at dei har kvar si rettskriving og oftast blir nemnd med kvart sitt namn.

Portugisisk liknar så mykje på spansk (kastiljansk) at morsmålstalarar finn det enkelt å lære å forstå kvarandre. Det har mykje av ordforrådet til felles med dei andre romanske språka. Som dei fleste av dei, har språket to grammatiske kjønn og ei rik verbbøying. Det har faktisk former som ikkje finst eller er sjeldne sjølv i nærskylde språk, mellom anna ein infinitiv som kan bøyast i person og tal.

  1. Til dømes Lindley Cintra, Nova proposta de classificão dos dialectos galego-portugueses in Boletim de Filologia, Lisboa, Centro de Estudos Filológicos, 22, 1971, pp. 81-116.pdf Arkivert 2006-11-02 ved Wayback Machine.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy