Prestegjeld

Prestegjeld var tidlegare eit geografisk, administrativt område i Den norske kyrkja, og var i utgangspunktet tenestediststriktet til ein sokneprest. Ordet prestegjeld tyder området ein prest har innkoma si frå.[1] Ordninga med prestegjeld hadde røter attende i mellomalderen, men vart innført i heile landet etter reformasjonen.[2] Prestegjelda vart fasa ut frå 2004 med Nærøy prosti som det fyrste til å leggje om til nyordninga 17. juni 2004.[3] I praksis er det enno slik at det gamle prestegjeldet vil definere dei geografiske arbeidsgrensene for mange kyrkjeleg tilsette.

Kyrkja er no organisert med sokna som grunneiningar, og prestane er tilsette i eit prosti i staden for i eit prestegjeld.[4][5] Det er no prosten som leier prestetenesta på lokalnivå.

I eit prestegjeld var det ofte fleire prestestillingar (kapellanar) som administrativt var underlagt ein sokneprest. Eit prestegjeld hadde i nyare tid også andre tilsette, som kateket, diakon og kantor. Gruppa av tilsette i prestegjeldet tenestegjorde i alle sokna i prestegjeldet.

Eit prestegjeld omfatta eitt eller fleire sokn og var i sin tur underlagt eit prosti. Når det var fleire sokn i prestegjeldet var eit av dei hovudsokn og kyrkja der var hovudkyrkja i prestegjeldet. Soknepresten hadde bustad på prestegarden ved hovudkyrkja.

Då det som har utvikla seg til dagens kommunesystem vart oppretta ved Formannskapslovene i 1837 var det prestegjelda som låg til grunn for inndelinga, og somme stader tilsvarer ein kommune framleis embetsdistriktet til ein prest på 1600-talet, eller endå lenger attende i tid. Også kommunenamna har ofte opphavet sitt i prestegjelda.

  1. Nynorskordboka: «gjeld»
  2. Arne Bugge Amundsen (1999). «Prestegjeld». I Steinar Imsen og Harald Winge. Norsk historisk leksikon : Kultur og samfunn ca. 1500 – ca. 1800 (2. utgåve utg.). Oslo: Cappelen Akademisk Forlag. 
  3. «17. juni Nærøy prosti først med reform» på nettstaden til Den norske kyrkja
  4. Om ny tjenesteordning for prestar på prest.no[daud lenkje]
  5. lovdata.no FOR 1990-10-19 nr 4983: Tjenesteordning for menighetsprester.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy