Privatdetektiv

Lysskilt utanfor eit detektivbyrå i rue du Louvre i Paris.

Privatetterforsker eller privatdetektiv er ein person som tar på seg å etterforska saker for private, uavhengig av politiet. Dette kan vera fordi saka ikkje har interesse for politiet, fordi dei ikkje har funne svar eller fordi oppdragsgjevaren ikkje er nøgd med konklusjonen deira.

Saker av meir triviell karakter som nokre privatetterforskarar tar på seg, er saker der ein ektefelle ønsker å finna bevis på utruskap hjå den andre ektefellen.

Privatetterforskaren er ein kjend figur innan detektivforteljinga, frå Sherlock Holmes til Varg Veum.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy