Prost

Ein prost er i Den norske kyrkja ein prest som samstundes er biskopens medhjelpar og den øvste geistlege leiaren i eit prosti.

Prosten ivaretek arbeidsgjevaren sin styringsrett overfor prestane i prostiet og har biskopen som sin overorda leiar. Prosten er næraste overordna for sokneprestane og prostiprestane.

Det er om lag eit hundre prostar i den norske kyrkja. 11 av desse har teneste i eit domprosti, det er eit prosti knytt til ei domkyrkje, og har tittelen domprost.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy