Provinsar i Tyrkia

Tyrkia er delt i 81 provinsar (tyrkisk: iller). Provinsen vert administrert av ein guvernør (vali). Provinsane vart tidlegare kalla guvernement (vilayet).

Provinsane er vidare delt i distrikt. Kvar provins har eit administrasjonssenter (il merkezi) som består av eit eller fleire distrikt (merkez ilçe, ilçe). Provinsen har som regel same namn som administrasjonssenteret.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy