Psykoakustikk

Psykoakustikk er læra om korleis høyrsla fungerer og korleis hjernen tolkar lydsignala som øyret fangar opp.

Øyrene fungerer som sensorar som omformar lyd til nervesignal som vert sende til hjernen, som så analyserer desse. Hjernen nyttar informasjon og lydtrykknivå, tidsvariasjon korttids frekvensanalyse osb. for å klassifisering og attkjenning ulike lydar. Forskjellen i lyden (intensitet og fase) som vert fanga opp av dei to øyrene vert nytta for å bestemma kva retning lyden kjem frå. I tillegg til signala frå øyrene nyttar hjernen òg informasjon som er lagra i hugen for å utføra ei avansert analyse av lyden, slik at det vert mogleg å kjenna att stemmen til personar ein kjenner, kompliserte musikkstykke, o.l. Høyrsla kan òg formidla informasjon om omgjevnadane, som til dømes om lyttaren er i eit stort eller eit lite rom.

Korleis lyd vert oppfatta kan varierer mykje frå person til person, både på grunn av forskjellar i øyrene og på grunn av neurologiske forskjellar. Med aukande alder vert høyrsla dårlegare, spesielt for høge frekvensar. Utforminga av øyrene fungerer som eit filter òg er med på å påverka signala som vert fanga opp av det indre øyre og senna til hjerne.

Psykoakustikk er studiet av dei audiative funksjonane og oppfatninga av lyd hjå menneske. Det er eit tverrfagleg felt, i skjeringspunktet mellom akustikk, fysiologi og psykologi. Fram til høyrslenervane spelar akustikk og fysiologi ein viktig rolle, men psykoakustikken må òg ta omsyn til korleis hjernen analyserer og tolkar signala frå øyrene. Dei nevropsykologiske funksjonane er vanskelege å måla og pysykoakustikkarar må utføra omfattande samanliknande målingar på mange personar for å studera korleis ulike lydstimuli vert oppfatta. Resultata dei kjem fram til vil vera eit gjennomsnitt av korleis dei ulike testpersonanane oppfattar lyd og einskilde personar kan oppfatta lyd på ein måte som i større eller mindre grad avvik frå gjennomsnittet. Det er òg i nokon grad mogleg å trena seg opp til å kjenna att einskilde lydar eller eigenskapar ved lyd.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy